André Eide - frå Mobbeoffer til Pianostjerne

SunnhordlandPodden - A podcast by Kjetil Fyllingen - Mondays

Categories:

André Eide er ein pianist med følgjarar frå heile verda – snart 400 000 på Facebook – og blodfansen reiser langt for å høyre han spele. 


Men han har og ei historie, med mobbing i oppveksten. Og han har utfordringar med svindlarar som misbrukar namnet hans på nett. 


I denne episoden av SunnhordlandPodden fortel André ope om livet som pianist, kvardagen med konsertar og sosiale medium – og kvifor han vel å bruke historia si for å setje fokus på mobbing. 


Altfor mange born opplever mobbing, og det får store konsekvensar.


Oppmodinga er klar – bry deg!


Sponsor: Elie Verkstad

Midt i hjartet av Leirvik på Stord ligg Elie Verkstad – ein blomsterbutikk litt utanom det vanlege.

I den detaljerike / Innholdsrike butikken i Sæ finn ein alltid eit stort utval ferske, vakre blomster og planter.

Elie Verkstad hjelper kundane sine med alt frå brudebukettar og borddekorasjonar til blomar til gravferd – alltid med omtanke og kvalitet.
Dei ønskjer å gjere både dei store og dei små dagane vakre – anten det er bryllaup, sorg, bursdag eller ein heilt vanleg tysdag.

Ønsker du å bestille, kan du kontakte Elie Verkstad på telefon 970 92 615, eller sende ein e-post til [email protected].
Elie Verkstad – blomster til livet, i sorg og i glede.